Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

lørdag 25. august 2012

SVARTDALSTJØYNNE, Bøverdalen i Lom.


Svartdalstjøynne og Mærrahøe, Holåtind t.h.

Her startar turen like vestafor Høydalseter, fylg vegen mot Bukkebotn og gå over brua. Gå opp i svingen, der tek stigen mot Høyøyen av. Like over resset mot Høyøyen er det restar etter reinsgrav (dobbel?), i haugen ved tjøynne er det restar etter ei bu. Det går stig etter vasskanten til du kjem over bekken frå Geittjøynne, frå der lagar du eigen stig på skrå opp og austover.....dersom du ikkje fylgjer DNTstigen til Nørstedalseter (nesten usynleg). 
På osen ved Svartdalstjøynne er det og restar etter reinsgrav. Denne tjøynne er heilt spesiell for meg, ho har ei sterk djupblå farge og fiskestonga er med på denne turen og.
Frå Svartdalstjøynne kan du gjera stutte avstikkarar til nedre Steindalstjøynne og Svartdalsvatnet, berre 10-15 minutts gange.
På nedturen kan ein ta ein avstikkar til ei murabu på nordaustsida av Høyøyen, ved ein stein der er ei skikkeleg fin innsmogo....einmanns. 
Ein annan avstikkar er søraust osen i Høyøyen (RU10BD), ruin av ei lita murabu.
Gangtid til Svartdalstjøynne er 2 til 3 timar.


 Bilete under: Svartdalsvatnet og Holåtindan.
Innsmoggo i Høyøyen og rute til Svartdalstjøynne.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar