NETOSÆTER-MOLDURDHØE-YTRE
Utsyn mot Hestbrepiggane, Lundadalen og Holåtindane.
Dette er ein veldig fin tur, men den krev fint vêr og rimeleg bra form. Tidsbruk er 10-14 timar alt etter form og kor mykje du vil sjå deg rundt. Lengde i luftlinje er ca 23 km, og du må opp i 2044 m.o.h.
![]() |
Smette ved søre Sultjørn. |
Startpunkt er Netosæter og følg bekken Stula på austsida, denne følgjer du til det flatar ut. Der bryt du av til venstre og går mot austsida av Kjerringhøe. Nå har du lett terreng heilt til søre Sultjøynne, men gå innast i kvelven så unngår du ein del myrlende. Det er restar etter reinsgraver på osen av båe Sultjøynnen, samt ei lita smette ved ein stein på haugen sør osen på søre Sultjøynne.
Kryss så osen ved søre Sultjøynn (der kan du gå turrskodd, elva renn ned i urda), gå så rett opp eit stykke og bryt av til aust mot ein lett synleg varde (synleg og frå Sultj.)
Utsyn mot Lendhøe og Storivilen. |
Frå den varden går du rett opp, og fortset mot det lågaste punktet i Sandgrovskardet, frå der følgjer du venstre side av ryggen mot toppen av Moldurdhøe. Nedturen er lettast om du går rett mot lendhøe og rundar på sørsida av denne og ned Lendbreen. (ikkje gløym å sjå på eit 60-tals bogestøe på den vesle ryggen mellom Moldurhøe og Lendhøe, og på austsida av Lendholet er ei lett synleg tuft av ei påbegynt murabu)
Frå Lendholet følgjer du venstre sida av Lenda, på austkanten av nørdre Langhaugen, nesten nede i skogkanten er det ei lita klopp (bru), og derfrå er det berre å følgje stigen eller skogsvegen ned til Lendskriu ved Ytre.
GOD TUR!
![]() |
Rute Neto-Ytre |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar