Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

mandag 27. august 2012

GROTÅKAMPANE, Lundalen i Skjåk.

Bågåstøe med utsikt mot Hestbrepiggane og Lundadalen.

Kjøyr til Heimsetre i Lundadalen, dette er bomveg og i dårleg stand ...så kjøyr forsiktig. Frå heimsetrene fylgjer du stigen mot Trulsbu til du kjem til Yste Resset. Der tek du av stigen og går rett opp berga, det er naturlege leier å gå her...delvis med saustigar. Når du kjem nesten opp, tek du skardet lite til høgre. Her kan du svinge opp på berget og gå egga mot vest.
Innpå her er det små idylliske tjøynne....og fin utsikt til Hestbrepiggane, hesthøe, Sandgrovhøe, Moldurdhøe og Grotådalen.
Når du går nedatt så krysser du bekken nede i dalen og går på venstre sida nedover (mellom bekken og Grotåe), på høgre sida er det glatte berg og hamrar utom kanten. Du kryssar på nytt når du kjem nesten ned. Da er det strake vegen ned på yste brue.
Denne runda tek 4 til 5 timar, ca 2 til 3 timar frå Heimsetre til du er oppe på Grotåkampen.



Bilete under: Lundadalen og Reppen og rute runde i Grotåkampane, 
Til høgre: BS10LD er bågåstøe ref. 32 V   0456805    6852896








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar