Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

lørdag 25. august 2012

HÅLEINDALEN I BØVERDALEN


Lita og trivleg tjøynn innast i Håleindalen, Storhøe rett fram og Storivilen bak t.v.

Innsmoggo
Dette er er ein luggum tur for alle, og du startar turen like etter Håleinbrue på Netosæter. Følg vegen til Hovdestulen, gå opp på flata 30-40 meter ovafor sæterhusa. Der er ein stein som det ofte ligg ein saltstein på. Frå den går du mot vest og kryssar Hovdestulgrove, som du følgjer på venstre sida til du kjem opp på ei flate (myr). Der kryssar du på nytt og fylgjer stigen rett opp bakken, stigen dreiar mot vest og denne fylgjer du. Der stigen kryssar over i Håleindalen ligg Kleberberget på venstre sida av stigen, her er mange gamle namn. Det gamlaste som eg har funne er frå 1710, og det ligg her ei oppmoding om ikkje å rote inn nye namn.....i såfall gjer det skikkeleg og hogg det inn og ikkje risp og rote med ein stein.
På venstre sida av stigen er det ei innsmoggo like etter du har passert Kleberberget, her kan du søkje lyd om det skulle koma "ogobår".
Når du har kome hit, er det strake vegen utover Håleindalen, det er stig heilt til den vesle tjøynne under Blåhøe. Fiskestong er obligatorisk på denne turen....men, helst vår og haust, det er varmt vatn i denne tjøynne midtsommars og fisken er da lite trivleg. Beina spriker inn i bukhola og ofte ikkje særleg god lukt.
Når du går heimover att, så fylg gjerne ryggen på sørsida. Da får du ei fantastisk utsikt mot Hestbrepiggane og mot Jotunheimen.

Utsyn mot Prestsætre frå Hovdestulfj.
Har du lyst, så er vegen ikkje lang til Høyøyen, ein kan berre forsetja rett fram eller fylgje Håleinna innover nørdre Sekken. Det er da luggumt å verta henta med bil i Høydalen.
Frå nørdre Sekken kan du og gå innover til Høytjøynnen, frå høgde mellom Sekken og Høytjøynnen har du ei overveldande utsikt mot Hestbrepiggane.
Kart Hovdestulen-lita tjøynn.
Gangtid inntil tjøynne i Håleindalen er ca 1 1/2 - 2 timar frå Hovdestulen, og 2 - 3 timar frå vegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar