Storevatnet - Moldskredvatnet 26.07.13.
![]() |
Moldskredvatnet med Liaflui bak. |
![]() |
Mot Skålavatnet |
Kart Moldskredvatnet |
Eg fylgde gamle DNT-ruta over Kjerringhetta mot Moldskredvatnet, merkinga er for det meste fjerna...men med GPS så fyljer ruta den som er merka på kartet. Ein annan ting er at dammen i vika på norsida av Kjerringhetta er stengt med to høge grinder, ein må difor ned i gjelet på vestsida av dammen....rimeleg problemfritt. Elles er det for å gå på seg nokre ekstra meter på denne ruta....er du usikker så bruk den nye lenger vest.
Eg gjekk den nye ruta attende....og denne kunne nok med fordel vore lagt på ca høgde 1280 på vestsida av Kjerringhetta, for meg ser det heilt feil ut at ein må gå så langt ned for å koma opp, ein del halvtrasige bergpallar er det og!
Dette er ein svært fin trimtur til eit idyllisk vatn...og, du er på historisk grunn! Gamle "saltvegen" mellom Høydalen - Fortun og vidare til Bergen passerte på søraustsida av Moldskredvatnet. Har du augo opne så vil du finne merke etter dette.
Nå skriv eg "Moldskredvatnet" av di det stå på kartet, vestlendingane seier "Klovsteinvatnet"...og med rette, det er mange store og klovne steinar der. Med anna ein der det har vore mure tydeleg innsmogo...og med tydeleg varding på toppen.
Fiskestong er med på denne turen og. (hugs fiskekort for Luster)
Tid: ca 1,5 t etter gamle ruta og ca 2 timar etter den nye.
God tur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar