Hervahøgdi.
![]() |
Skålavatnet mot Hestbrepiggane og Lomseggen.
.
|
Etter Hervadammen er det ein møteplass på høgre sida av vegen like før du kjøyrer over mot Galgeberghytta/Galgeberg, der kan du parkere og starte fotturen. Dette er ein tur på ca 5 km, og med jamn bruk av fiskestong så må du rekne ca 4 -5 timar på denne.
Ca 50 meter frå vegen er det ei gamal innmoggo ved ei lita tjønn, ta ein tur over høgda for å sjå på Galgeberget kan du og.
Her i dette berget skal ein fant med namnet "KolluteHenrik" ha vorte hengt, han var ein av tre søner til "ØyrlausKari". Desse skal ha budd på Glømsdalsvetløygarden i Bøverdalen. Eg meiner å hugse at det var ein krok oppe i dette berget da eg var gutonge....men dette er eg ikkje sikker på, han er i alle fall borte nå.
Ein tur på toppen av Hervahøgdi er sjølsagt, her har du god utsikt til alle kantar....og er ingen ekstremtur.
Rundt høgdi er det fleire små vatn, og fisk i dei fleste.....så den evige fiskestonga må vera med.
Fiskekort kan du kjøpe på: luster-austre-statsallmenning
![]() |
Mot øvre Herva og Smørstabbtindane |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar