Geittjøynne 24. september 2012
Geittjøynne i Høydalen er ei fin plass som det er verdt å vitja, særskild landskap med mange berghamrar og svaberg.
Start turen frå bommen vestafor Høydalseter og følg vegen til lite over brua mot Bukkebotn. Litegrann forbi svingen ovafor brua, tek stigen av til Høyøyen. Fylg stigen etter vasskanten i Høyøyen nesten til bekken frå Geittjøynne, ta så til venstre og følg ryggen til venstre for bekken. Turrare og mindre kjørr enn etter gamle DNT-stigen som du kjem innpå att på randen opp mot Geittjøynne. Ta av til høgre på ca 1340 moh, du vil ellers koma borti nokre høge berghamrar......som ikkje er noka katastrofe, men nokre omvegar. Fiskestong bør vere med....som alltid!
Nedturen kan du med fordel leggje om Geitryggen, da får du ei fantastisk utsikt til alle kantar.
Det er tre reingraver opp mot Høyøyen, og ei tuft etter murabu i haugen der stigen går ned mot vatnet.
Tid på denne runda er ca 4 -5 timar alt ettersom.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar