Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

tirsdag 1. oktober 2013

Handspiki 



Styggevatnet og Austdalsvatnet med Vivakulen (t.v.)
Austdalsnuten og Ausdalsbreen t.h.

Handspiki var passasja mellom Jostedalen og Skjåk i gamle dagar. Namnet Handspiki eller Håndspikjè er sannsyleg ikkje eit stadnamn, men snarare at det har stått ein varde med ein staur i midten her (ei handspik). så har nok staden vårte heitande Handspiki etter dette.
Turen byrjar du på Mysubytta i Skjåk. To bomvegar 60 + 40 kr. Det er gode parkeringsmuglegheiter på Mysubytta, og du går over den austre brua.
Etter brua går du mot Sprongdalen og berre fylgjer stigen i Syrtbyttdalen. Merk deg stigskjelet rett ovafor vestre osen på Syrtbyttvatnet, den er ikkje skilta. Det er lett stigning på heile turen med unntak av siste 200 meter, men det er heller ikkje så bratt at det er noka plage. Ein del svaberg på siste stigninga, unngå desse om det er blautt.
Når du ser innover Sprongdalen vil du sjå Rivenoskulen på venstre sida, og ein arm av Greinbreen som heng ned i dalen.
Denne turen tek ca 7 timar tur-retur Mysubytta, eller ca 4 timar om du går enkeltur frå Mysubytta til Styggevassdammen. 
Kan vera ein tanke å samordne i to lag, det eine kjøyrer til Styggevassdammen og det andre til Mysubytta....og byter bilnøklar når dei møtest :-).
Det er mange blaute parti etter stigen, så rimeleg tette sko er å foretrekkje. du kjem nok fram i joggesko men store muglegheiter for å bli blaut...og sårføtt da.
Turen passar kanskje ikkje for dei aller minste, men ungdomar bør takle denne bra.

Syrtbyttvatnet, Sotflye heilt bak.





onsdag 18. september 2013


Hervahøgdi.

Skålavatnet mot Hestbrepiggane og Lomseggen.

.


På ein fin sumardag bør du ta turen til Hervahøgdi, ein god times kjøyring frå Lom.
Etter Hervadammen er det ein møteplass på høgre sida av vegen like før du kjøyrer over mot Galgeberghytta/Galgeberg, der kan du parkere og starte fotturen. Dette er ein tur på ca 5 km, og med jamn bruk av fiskestong så må du rekne ca 4 -5 timar på denne.
Ca 50 meter frå vegen er det ei gamal innmoggo ved ei lita tjønn, ta ein tur over høgda for å sjå på Galgeberget kan du og.
Her i dette berget skal ein fant med namnet "KolluteHenrik" ha vorte hengt, han var ein av tre søner til "ØyrlausKari". Desse skal ha budd på Glømsdalsvetløygarden i Bøverdalen. Eg meiner å hugse at det var ein krok oppe i dette berget da eg var gutonge....men dette er eg ikkje sikker på, han er i alle fall borte nå.

Ein tur på toppen av Hervahøgdi er sjølsagt, her har du god utsikt til alle kantar....og er ingen ekstremtur.
Rundt høgdi er det fleire små vatn, og fisk i dei fleste.....så den evige fiskestonga må vera med.
Fiskekort kan du kjøpe på: luster-austre-statsallmenning
 

Mot øvre Herva og Smørstabbtindane

lørdag 27. juli 2013

Storevatnet - Moldskredvatnet 26.07.13.

Moldskredvatnet med Liaflui bak.
Mot Skålavatnet



Kart Moldskredvatnet
 Turen til Moldskredvatnet startar frå dammen på Storevatnet, det er fin bilveg frå Mefjellet på Sognefjellet og ca ein times kjøring frå Lom.
Eg fylgde gamle DNT-ruta over Kjerringhetta mot Moldskredvatnet, merkinga er for det meste fjerna...men med GPS så fyljer ruta den som er merka på kartet. Ein annan ting er at dammen i vika på norsida av Kjerringhetta er stengt med to høge grinder, ein må difor ned i gjelet på vestsida av dammen....rimeleg problemfritt. Elles er det for å gå på seg nokre ekstra meter på denne ruta....er du usikker så bruk den nye lenger vest.
Eg gjekk den nye ruta attende....og denne kunne nok med fordel vore lagt på ca høgde 1280 på vestsida av Kjerringhetta, for meg ser det heilt feil ut at ein må gå så langt ned for å koma opp, ein del halvtrasige bergpallar er det og!
Dette er ein svært fin trimtur til eit idyllisk vatn...og, du er på historisk grunn! Gamle "saltvegen" mellom Høydalen - Fortun og vidare til Bergen passerte på søraustsida av Moldskredvatnet. Har du augo opne så vil du finne merke etter dette.
Nå skriv eg "Moldskredvatnet" av di det stå på kartet, vestlendingane seier "Klovsteinvatnet"...og med rette, det er mange store og klovne steinar der. Med anna ein der det har vore mure tydeleg innsmogo...og med tydeleg varding på toppen.
Fiskestong er med på denne turen og. (hugs fiskekort for Luster)
Tid: ca 1,5 t etter gamle ruta og ca 2 timar etter den nye.
God tur!