Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

torsdag 19. mai 2011

LUNDADALEN / HESTDALEN


Kjøyr til heimste Lundadalsætre, bomveg. Gå over brua og vestover, lita bratte opp frå Esjgrove og opp frå yste brue. Like bak Isakbue (murhytte, Isak Horten) er det gamle tufter ca 10 meter på oversida av stigen.

Like før Yste Resset ligg Gjørva- eller smygarsteinen som ein del kallar han. Det er sagt at ein måtte smyge under denne for å få god fiske eller jaktlykke. Fiskestong er naudsynt på denne turen, det er fin fisk i Skjøle. For fiskekort kan du kontakte Skjåk almenning, vert og seld på ein del campingplassar.
På Yste Resset opnar dalen seg i ein viare U-dal, Hestdalen. På Yste Resset finn ein Lapprosa, ei lyngplante med fine blomar. Vanlegvis har eg funne denne i slutten av mai og ut i juni.
Turen til Yste Lundadalsætre har ei gangtid på ca. 2 timar.

Dersom forma er på topp når du kjem til Yste Lundadalsætre, så er det berre å fortsetja mot Lundadalsvatnet. Gangtid ca. 2 timar. Innan du kjem dit så passerer du DNT si hengebru ved Kvilingskulan. I Salhus er det ny gjetar/almenningshytte, og ved Salhusgrøvein er det merke etter gamle buplassar eit stykke oppe i dalsida.
Og dersom du ennå ikkje har fått nok, så er det 3 times gange til Trulsbu. (sjølvbetjent DNThytte)
- Men da må du gå over hengebrua ved Kvilingskulan og gå andre sida av dalføret. Har du augo med deg, så vil du kanskje finne ei lita innsmogo ved stigen rett overfor gjetarhytta i Salhus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar