Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

torsdag 19. mai 2011

ÅNDHYTTA / LENDHYTTA


Daladrågje byrjar frå Dalavegen, skilt ved Fredheim rett opp for Krossvegen. God stig opp med enkelte bratte delar. Gangtid innpå høe ca. 1 1/2 time.
Innpå høe kan du ta til venstre mot Åndhytta, ca. 3/4 times gange på sørsida av Høglunnen. Like før den vesle dalen på vestsida av Høglunnen kan du bryte av til høgre og vitja gamle Åndhytta, denne vart vølt for ein del år sia.
Du kan og gå til Åndhytta frå Ånstad (Skjåk Samvirkelag), forbi Johnsgard- bru over Ånda et skykke oppe i skogsvegen. Ca 1 1/2 - 2 times gange. Oppi Åndskardet mellom stigen og Ånda er det ein gammal buplass frå tidlege tider, delvis bratt stig.

På høe kan du og gå til høgre (eller rett fram mot Vigstadvasstaket på sørsida av Skriuhaugen) mot Lendhytta. Denne vart oppsett i 1986 som ei grenda/gjetarhytte, og er låst.
Til Lendhytta kan du og gå frå Lendskriu på nørdre Dalom (Dalain). Kjøyr innover ved Skjølabrue, gjennom ei grind og parker der vegen deler seg opp mot Lendhytta. Det er berre å fylgje skogsvegen oppover og fylgje vegen heilt opp, eller gå stigen frå eit stykke oppe i lia (skilt). Frå Lendskriu til Lendhytta er det ca. 1 1/2 - 2 times gange, og du går forbi gamle sauhytta som vart vølt fyrst på 90talet.

1 kommentar:

  1. Så fint du he skrivi og bileter.....Den gamle hytta kalle eg Iverbue...Oss lærde det som ungar..Iver var gardskar på Sygard Aanstad på 50-60 tallet...Om med han var eg og fleire ungar med te fjells...Den gongen fiska dei i vatnet ved denne hytta...
    Eg er født i 53 og noko elder en deg..

    SvarSlett