Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

søndag 22. mai 2011

ISTJØYNNE


Istjøynne er ei veldig triveleg tjørn på sørsida av Breidalen. Parker på rasteplassen like før Oppljostunnelen, gå over den gamle brua der. Fortsett etter stigen rett fram til bergknausane og skrå mot søraust. Deretter kryssar du Holene (Den store døkta) og fortsett søraust opp dalen (skaret) der, da ligg Istjøynne like etter at du kjem over kanten. Gangtid 1 - 1 1/2 time.
Fiskestonga er med på denne turen. Dersom du går opp på haugen på nordsida av tjørna får du fin utsikt mot Oppljosvatnet, Langvatnet, Djupvatnet og Breidalen, og det er reinsgraver på osen.

torsdag 19. mai 2011

LUNDADALEN / HESTDALEN


Kjøyr til heimste Lundadalsætre, bomveg. Gå over brua og vestover, lita bratte opp frå Esjgrove og opp frå yste brue. Like bak Isakbue (murhytte, Isak Horten) er det gamle tufter ca 10 meter på oversida av stigen.

Like før Yste Resset ligg Gjørva- eller smygarsteinen som ein del kallar han. Det er sagt at ein måtte smyge under denne for å få god fiske eller jaktlykke. Fiskestong er naudsynt på denne turen, det er fin fisk i Skjøle. For fiskekort kan du kontakte Skjåk almenning, vert og seld på ein del campingplassar.
På Yste Resset opnar dalen seg i ein viare U-dal, Hestdalen. På Yste Resset finn ein Lapprosa, ei lyngplante med fine blomar. Vanlegvis har eg funne denne i slutten av mai og ut i juni.
Turen til Yste Lundadalsætre har ei gangtid på ca. 2 timar.

Dersom forma er på topp når du kjem til Yste Lundadalsætre, så er det berre å fortsetja mot Lundadalsvatnet. Gangtid ca. 2 timar. Innan du kjem dit så passerer du DNT si hengebru ved Kvilingskulan. I Salhus er det ny gjetar/almenningshytte, og ved Salhusgrøvein er det merke etter gamle buplassar eit stykke oppe i dalsida.
Og dersom du ennå ikkje har fått nok, så er det 3 times gange til Trulsbu. (sjølvbetjent DNThytte)
- Men da må du gå over hengebrua ved Kvilingskulan og gå andre sida av dalføret. Har du augo med deg, så vil du kanskje finne ei lita innsmogo ved stigen rett overfor gjetarhytta i Salhus.

ÅNDHYTTA / LENDHYTTA


Daladrågje byrjar frå Dalavegen, skilt ved Fredheim rett opp for Krossvegen. God stig opp med enkelte bratte delar. Gangtid innpå høe ca. 1 1/2 time.
Innpå høe kan du ta til venstre mot Åndhytta, ca. 3/4 times gange på sørsida av Høglunnen. Like før den vesle dalen på vestsida av Høglunnen kan du bryte av til høgre og vitja gamle Åndhytta, denne vart vølt for ein del år sia.
Du kan og gå til Åndhytta frå Ånstad (Skjåk Samvirkelag), forbi Johnsgard- bru over Ånda et skykke oppe i skogsvegen. Ca 1 1/2 - 2 times gange. Oppi Åndskardet mellom stigen og Ånda er det ein gammal buplass frå tidlege tider, delvis bratt stig.

På høe kan du og gå til høgre (eller rett fram mot Vigstadvasstaket på sørsida av Skriuhaugen) mot Lendhytta. Denne vart oppsett i 1986 som ei grenda/gjetarhytte, og er låst.
Til Lendhytta kan du og gå frå Lendskriu på nørdre Dalom (Dalain). Kjøyr innover ved Skjølabrue, gjennom ei grind og parker der vegen deler seg opp mot Lendhytta. Det er berre å fylgje skogsvegen oppover og fylgje vegen heilt opp, eller gå stigen frå eit stykke oppe i lia (skilt). Frå Lendskriu til Lendhytta er det ca. 1 1/2 - 2 times gange, og du går forbi gamle sauhytta som vart vølt fyrst på 90talet.

onsdag 18. mai 2011

SANDÅFJELLET


Stigen til Sandåfjellet byrjar ved innkjøyringa like vestafor Ysteriet, det er god stig oppover- men rimeleg bratt. Gangtid til Sandåhytta er ca 1 1/2 - 2 timar, men det er lov å bruke lenger tid.
Dette er nok ein av stigane som dei brukte mot Lendbreen og til Netosætre i Bøverdalen for lenge sidan.
På turen opp og innpå er det fin utsikt til Stavåsen, Skim og Øvergrende i Lom. Og utsyn til  Rondane dersom det er klarver.
Ded er verdt å sjå på gamle murabue som ligg i døkta lite ned og øst for Sandåhytta.
Innover Sandådalen er det svært kupert med moreneryggar og små dalar, ein kan og gå uttafor desse til Åndhytta som ligg ein times gange mot vest.
Dersom du går innast i Sandådalen og til venstre mot Frelsareggje, vil du kanskje finne restar av ei lita murhytte ved to små grusrandar. Ein god times gange frå Sandåhytta. (ref. gps: 32    469000Ø   6857018N )
Det er uvisst kven som har laga denne, ho er lita og ein kan undrast om ho er laga av ungar....men ligg liksom litegrann for avsides til for det.
Dette er sårbare minnesmerke så ver omtenksam, og ikkje ta t.d. steinar frå hytta til å sitje på.