Om meg

Bildet mitt
Skjåk, Oppland, Norway
Stutt sagt ein med fjell og friluftsliv som interesse. Ikkje så naudsynt med toppturar da det er så mykje å sjå under toppane. Fisking er òg morosamt. Dette er ein blogg om fjelltur og friluftsliv under stadig oppbyggjing, Og ein stad må ein starte......så vær tålmodige. Det er ikkje meininga at dette skal vera ein blogg for dei som vil på høgste toppane, men meir "moderate" turar som stort sett alle kan klare. Tek atterhald om gps-posisjonar, feilskriving kan henda sjølv om ein ikkje vil det. Klikk på bilete eller kart for større vising. Tida som er oppgjeve er meint som rettleiande, somme vil bruke mindre tid...og andre meire tid. Bruk gjerne heile dagen og vel så det, morgon og kveld har finaste ljoset. GOD TUR!

Følgere

torsdag 31. desember 2015

Høyøyen-Høytjøynnen


Denne turen startar ved parkeringa like vest for Høydalseter, følg anleggsvegen over brua i Storlie.
Vegen går parallelt med elva, og der vegen svingar vestover mot Bokkebotn tek stigen av opp mot Høyøyen. Du passerer to reinsgraver på veg oppover, og så er det restar etter ei dobbelgrav på resset mot Høyøyen.
Følg venstre sida av Høyøyen, og vanlegvis kjem ein over bekken utan store problem. Nå følgjer du kanten av Høyøyen, og det er ei fin innsmoggo ved ein stein like vesta Storgrove. Følg Høygjelet oppover......og fiskestonga er tenleg på Vesltjøynne når du kjem så langt. Ved Høytjøynnen er det både bogestøe og reinsgrav på ausida av strypet, ein heilt naturleg plass for slikt.
Høya kan vera vrang å koma over på sommaren, så ikkje ta sjanser....steinane i dette brevatnet er svært glatte. Men på haustkanten er det vanlegvis lett å koma over der ruta er markert, berre eit skikkeleg steg så er du over.
Når du kjem over er det berre å fylgje ruta nedover, så kjem du inn på gamle DNT-stigen øvst i Løyfte.

Gangtid: ca 6 - 7 timar
Lengde: ca 16 km
Stigning: 835 m
Høgaste punkt: 1512 moh




torsdag 16. juli 2015

Høydaseter-Tøften-Blåhøe.

Lengde fram og attende: ca 8,5 km.
Tid fram og attende: 4 - 4,5 t.
Stigning: ca 560 m

Turen startar ved Torekvesetra, det ligg eit skilt i ei einerkjørr ved vegen, det er moderat stigning fram til Tøften. Namnet "Tøften" skriv seg nok av dei gamle tøftene der, det er 6 som eg har sett...og desse ligg på nedsida like ved stigen. Frå Tøften er det raudmerka på ein del tre...og eg likar å gå rett opp like etter desse. Det er rimeleg bratt opp frå Tøften, men når ein er oppe så er turen lett mot Blåhøe.
Vel oppe så er det fin utsikt til alle kantar, kanskje ein reinsbukkeflokk viser seg fram óg.
Liabrekulen

Mot Hestbrepiggane



lørdag 14. februar 2015

Frå Rundhaugen i Lendfjellet mot Bisberget.
Redaktøren har gått il innkjøp av nye truger, da dei gamle er rett og slett utslite...eller rettare sagt broddene i aluminium er utslite. Det resterande er heilt ok, og etter fem år må ein seie seg tilfreds med det. Dei nye er Tubbs Wilderness 36"...og etter tyngda på brukar var dette slett ikkje noko dumt val. Desse har solide brodder i karbonstål, og er meir haldbart. Men den største fordelen etter mi meining er bøyla for hælløft, ein stor fordel i motbakkane. Det sparar akilles'n for mykje belastning, ein annan ting er leddinga som er mykje ledigare på denne. Bindingane er og hakket betre, så alt i alt er gamle Eggen svært så tilfreds med fornyinga.

tirsdag 7. oktober 2014

Krundalen i Jostedalen


Bergsetbreen

Baklibreen

Lengde fram og attende: ca 7 km
Tid fram og attende: ca 2 timar
Stigning: ca 90 m

Er du i Jostedalen og det høver, så ta turen innover Krundalen. Kjør inntil Bergset og parker på plassen nedafor garden. Stigen er merka så langt innunder Bergsetbreen som tilrådeleg, du bør ikkje gå forbi skiltet....for breen kan rasa til alle tider.
Det er lett og fin stig, bruer og tilrettelagt med plankar i blaute område. Fin tur for dei yngste og.
Det er fleire brear innover her, Bergsetbreen ser du heile turen. Tuftebreen er den fyrste til høgre (merka stig opptil den og) så har du Vetledalsbreen på venstre side av Krundalen og Baklibreen til høgre nesten inne mot Bergsetbreen.
Heimover Krundalen frå innunder Bergsetbreen

lørdag 20. september 2014

Lom-Smithbue-Eggjapiken-Dalom

Mot aust frå Eggjapiken
Mot Bøverdalen

Tid: 6,5 timar eller meir.
Lengde: 17 km.
Stigning: 1124 m.
Topp:1524 m.o.h.

Har i mange år hatt tanke om å gå over Lomseggje heimat frå arbeid, og dette vart ein eftastur i strålande ver 18 september 14.
Eg juksa litegrann og vart kjøyrt øvst i Eggjalia....men likevel er det langt nok å gå.
Der går ein etter skogsveg ca 1,5 km (ikkje ta av ved fyrste skilt Lomseggen dersom du vil gå om Smithbue)
Når du tek av skogsvegen er det bratt stigning til du kjem opp på ryggen, når du kjem opp på Eggjapiken har du fantastisk utsyn til alle kantar. Når du har gått ned frå Eggjapiken så held du høgda godt forbi Trivaglein, ellers vert det ruskete lende å gå i. På nedstigninga går du forbi ei ruin av ei lita bu som er artig å sjå: 32 V 469000 6857018
Nedafor denne kryssar du Sandådalen og går nordvest mot Steinsgardgrove, er denne stor så vil det vera best å krysse langt inne. Nå kan du fylje grove ned til merka stig mot Åndhytta.
Frå Åndhytta tek du merka stig mot Lendhytta, men ta til høgre ved gamle Åndbue og gå mot Rundhaugen. Da kjem du inn på stigen ned mot Dalom/Vigstad.


Mrk: Ved Trivaglein kan du velje å gå ned ved Sandåe til Ysteriet, fylg stig frå Sandåhytta.
         Ved Åndhytta kan du velje å gå ned mot Ånstad, eller gå om Lendhytta og ned ved Ytre.

lørdag 6. september 2014

Nørdre Slampeløyfte i Høydalen.

Mot Hestbrepiggane
Storevatnet og Fanaråken
                                                                                                             

Kjøyretid frå Lom til Høydalseter er ca. 1 time. Bomveg, for tida kr. 30
Lengde: 11 km
Tid: ca 5 - 6 timar.




Frå parkeringa vest for Høydalseter går du ned mot brua på osen, kan og gå oppover vegen og ned på vestsida av setrene.
Etter brua er det varding mot Slampeløyfte (små) og det kan løne seg å gå på oversida av vardinga øvste delen mot Slampeløyfte. Når du kjem opp er det berre å forsetja mot høgste punktet i løyfte, på denne plassen har ein utsikt både til Storevatnet, Hestbrepiggane og Fanaråken.
Når du går ned kan du gå på nordsida av løyfte og mot venstre etter den "naturlege flatare leia" mot Bukkebotn, når du rundar her så får du kjempeutsikt over Bukkebotn, Høyvatnet, Geitryggen og Høyfjellet.
Her er det berre å fortsetja rett ned mot osen i Bukkebotn, du kan krysse tverrbytna på gamle jerbaneskinner frå anleggsverksamheita på 50-talet.
Nå er det berre å fylgje anleggsvegen til parkeringa.
GOD TUR!


lørdag 25. januar 2014

Ski eller truger?

 Ja takk båe delar, og etter behov. Eg har etterkvart vorte svært glad i truger, især når turen foregår i nærområdet og bratt terreng. Her eg bur er det vanskeleg med ski opp og ned den bratte lia, men ein god times trugetur så er ein på snaufjellet. Truger er og fint når rypa skal veidast...og det ikkje er for langt å gå. Det er ikkje å koma ifrå at ski er tingen ved lengere turar og flatare terreng.
Trugane eg har brukt er av typa "TT-Snowshoes", og eg er svært tilfreds med desse trugene frå Lien Sykkel og Sport i Bismo. Lette truger, og dei enkle bindingane av "jekketypa" fungerar like godt nå som da dei var nye. Dei heng godt og er svært raske og lettvindte å få på/av føtene, bindingane er "ledda" og er ikkje faste på foten som desse "hente ved og vatn-trugene" på hytta
Ein liten negativ (men ikkje avgjerande) ting er at desse trugene har brodder av aluminium, rustfritt stål hadde vore å føretrekkje med tanke på slitasje og is (Tubbs har det). Men trass i dette har eg brukt desse hardt på fjerde vinteren og dei held nok nokre sesongar til. Desse trugene er å få i fleire storleikar, og mine er 23 x 74 cm....og med ei vekt på 100+ har det gått bra. Ved skikkeleg djup laussnø ville det nok vore ein fordel med større.
Litegrann solide sko er og høveleg, eg brukar stort sett vanlege halvhøge (litt opp på leggen) og varme vintersko, bindingane kan klemme litegrann....løys da opp eit hakk eller to. Men solide fjellsko er slett ikkje naudsynt, heller ikkje snøsokkar.
Bileta her er frå nordaustsida og toppen av Skriuhaugen i Skjåk.