Ski eller truger?
Ja takk båe delar, og etter behov. Eg har etterkvart vorte svært glad i truger, især når turen foregår i nærområdet og bratt terreng. Her eg bur er det vanskeleg med ski opp og ned den bratte lia, men ein god times trugetur så er ein på snaufjellet. Truger er og fint når rypa skal veidast...og det ikkje er for langt å gå. Det er ikkje å koma ifrå at ski er tingen ved lengere turar og flatare terreng.Trugane eg har brukt er av typa "TT-Snowshoes", og eg er svært tilfreds med desse trugene frå Lien Sykkel og Sport i Bismo. Lette truger, og dei enkle bindingane av "jekketypa" fungerar like godt nå som da dei var nye. Dei heng godt og er svært raske og lettvindte å få på/av føtene, bindingane er "ledda" og er ikkje faste på foten som desse "hente ved og vatn-trugene" på hytta
Ein liten negativ (men ikkje avgjerande) ting er at desse trugene har brodder av aluminium, rustfritt stål hadde vore å føretrekkje med tanke på slitasje og is (Tubbs har det). Men trass i dette har eg brukt desse hardt på fjerde vinteren og dei held nok nokre sesongar til. Desse trugene er å få i fleire storleikar, og mine er 23 x 74 cm....og med ei vekt på 100+ har det gått bra. Ved skikkeleg djup laussnø ville det nok vore ein fordel med større.
Litegrann solide sko er og høveleg, eg brukar stort sett vanlege halvhøge (litt opp på leggen) og varme vintersko, bindingane kan klemme litegrann....løys da opp eit hakk eller to. Men solide fjellsko er slett ikkje naudsynt, heller ikkje snøsokkar.
Bileta her er frå nordaustsida og toppen av Skriuhaugen i Skjåk.